Symre hudkrem er laga av to systrer på ein vakker vestlandsgard – i pakt med natur og økosystem. Me har grasfôra storfe av den lokale og bevaringsverdige gamalrasen Vestlandsk fjordfe, og garden vert drive etter økologiske og regenerative prinsipp. Det vil sei at me ikkje nyttar sprøytemiddel og at me arbeider aktivt for å ta vare på økosystem og eit rikt jordliv.
Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på!
Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vær. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng.
Alle hudkremane våre er handlaga av oss, og dei er sertifisert gjennom merkevareordninga Norwegian Made. Når du kjøper eit produkt merka med Norwegian Made støttar du bærekraftig, grøn og etisk produksjon. Du kjøper noko som er laga for å vare, som er laga med kjærleik.
Hudkremane våre er også registrerte etter norsk lov og godkjente sikkerheitsrapportar. Slik kan du vera heilt trygg på det du kjøper.
Som vår kunde støttar du eit framtidsretta jordbruk basert på god dyrevelferd og til det beste for miljø og klima. Du støttar produksjon av handlaga, ærlige og lokale varer og kvinnelege småskalaprodusentar.